Målfolk skeptiske til dialektar i Dagsrevyen

Noregs Mållag er skeptisk til dialektar i Dagsrevyen. Det same er riksmålsforkjemparane.
innenriks

– Nyheitslesarar i utlandet snakkar ikkje dialekt. Slik burde det vere i Noreg òg, seier Nils Heyerdahl i Det Norske Akademi til Aftenposten.

Han er preses i Det Norske Akademi for språk og litteratur, som kjempar for å verne riksmålet.

– Når ein står framfor mikrofonen og skal gi viktige meldingar til det norske folket, er ein ikkje ein privatperson, seier Heyerdahl.

Han meiner at også nynorsken ville vakse på mindre dialektbruk i NRK.

Noregs Mållag er ikkje like skarpe i kritikken, men dei er delvis samde med Heyerdahl.

– I nyheitssendingane bør hovudregelen vere normert tale. Eg er mildt skeptisk til nyheiter på dialekt, seier styreleiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag.

Nyheitsdirektør Helje Solberg i NRK seier statskanalen speglar at dialektane har fått eit større rom i samfunnet elles.

– Når det er sagt, er publikumsforståinga det viktigaste. Vi skal ha eit konsekvent og korrekt språk og jobbar mykje med dette. Dette gjeld alle medarbeidarane våre, dialektbruk eller ikkje, seier ho.

(©NPK)