Datatilsynet varslar milliongebyr til amerikansk selskap

Datatilsynet vil gi det amerikanske selskapet Disqus eit gebyr på 25 millionar kroner etter at informasjon frå norske nettbrukarar vart delt med andre selskap.
innenriks

Datatilsynet varsla selskapet om gebyret denne veka etter at det vart gjort vedtak om det, skriv NRK. Disqus har rett til å komme med eit motsvar. Storleiken på gebyret svarer til 15 prosent av omsetninga til selskapet i 2018.

– Storleiken på gebyret er etter ei nøye vurdering sett såpass høgt fordi fleire hundre tusen er ramma, fordi det dreier seg om private opplysningar om kva nettsider ein besøkjer, sporinga var skjult og personopplysningar kom på avvegar i annonsering, seier direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet i ei pressemelding frå Datatilsynet onsdag.

Opplysningar om nordmenn delt

Tilsynet starta sine eigne undersøkingar etter at NRK i 2019 avdekte at kommentarfeltsystemet Disqus delte informasjon om nettbrukarane med marknadsføringsselskap. Opplysningar om hundretusenvis av nordmenn som vart spora i det skjulte, vart delte.

Undersøkingar som Datatilsynet har gjort, viser at sju mediekanalar – TV 2s bilmagasin Broom, Khrono, Adresseavisen, NRK Ytring, NRK P3, Human Rights Service og Document.no – var ramma.

– Bodskapen er at vi ser på dette som ei alvorleg sak, seier Datatilsynets direktør.

– Mistar moglegheit til innsyn

– Skjult sporing og profilering er eit stort inngrep i personvernet. Når vi ikkje får informasjon om at nokon bruker personopplysningane våre, mistar vi moglegheita til å be om innsyn og informasjon, og til å protestere på at personopplysningane våre blir brukte til marknadsføringsformål som i denne saka, seier Thon.

Sporing skal ha skjedd fordi Disqus ikkje kjende til at Noreg innførte den felleseuropeiske personvernreguleringa GDPR i 2018. Det tok 511 dagar før også Noreg vart teke inn i systema til selskapet for dette og tidlegare innsamla informasjon vart sletta.

Morselskapet Zeta Global har ikkje svart på NRKs førespurnader.

(©NPK)