53 nye smitta i Skien

Tysdag vart det registrert 53 nye koronasmitta personar i Skien. Talet er det nest høgaste på eitt døgn under pandemien.
innenriks

Ifølgje MSIS (meldingssystem for smittsame sjukdommar) fekk 70 personar i gamle Telemark fylke påvist smitte tysdag, skriv Varden.

I tillegg til tilfella i Skien er det registrert ni nye smitteveg Porsgrunn, tre i Kragerø og eitt nytt tilfelle i kvar av kommunane Notodden, Bamble, Siljan, Midt-Telemark og Nome.

(©NPK)