484 nye koronasmitta registrert siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 484 koronasmitta personar i Noreg. Det er 40 færre enn same dag førre veke.
innenriks

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 392 smitta dagleg. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 477, og trenden er dermed minkande.

Ved midnatt natt til onsdag var det gjennomført 5,1 millionar koronatestar her i landet, sidan februar i fjor. I alt har 114.436 personar testa positivt.

No har 1.379.744 personar fått første dose av koronavaksinen, og 369.537 er fullvaksinerte. Tysdag var 128 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 25 færre enn dagen før.

Til saman er 757 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

59,4 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

(©NPK)