Størst tru på Støre, men flest ønskjer seg Solberg som statsminister etter valet

44 prosent av dei spurde i ei ny TV2-måling trur Ap-leiar Jonas Gahr Støre blir statsminister etter valet.
innenriks

22 prosent trur Erna Solberg (H) held fram som statsminister, ifølgje statsministermålinga Kantar har utført for TV 2.

Det er ein klar framgang for Ap-leiaren frå den førre målinga i april. Då svarte 29 prosent at Støre kom til å overta som statsminister, medan 32 prosent trudde Solberg ville halde fram som statsminister.

– Eg trur bodskapen om at eit nytt fleirtal er mogleg, og at det blir vanlege folks tur, det sig inn, seier Støre om målinga.

7 prosent trur på Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, medan berre 2 prosent trur ein annan blir statsminister etter valet 13. september.

Men det er Erna Solberg, som har vore statsminister i landet dei siste åtte åra, som får størst oppslutning på spørsmål om kven ein ønskjer seg som statsminister etter valet.

32 prosent svarer Høgre-leiaren, Støre får 22 prosent, medan 13 prosent ønskjer seg Vedum.

(©NPK)