Nav og Trygderetten bruker altfor lang tid på klagesaker

Riksrevisjonen rettar alvorleg kritikk mot Nav og Trygderetten for å bruke altfor lang tid på å behandle brukarklagar på vedtak om økonomiske ytingar.
innenriks

Saksbehandlingstidene i klage- og ankesakkjeda i Nav og Trygderetten er for lange og har vorte lengre over tid. Lang saksbehandlingstid fører til ei større belastning og personleg påkjenning for brukaren og for nærståande som er avhengig av inntektene til brukaren, fastslår Riksrevisjonen i ein rapport som vart offentleggjord tysdag.

Riksrevisjonen har granska korleis Nav og Trygderetten behandlar klagar frå brukarane på vedtak om økonomiske ytingar – og konkluderer med at tidsbruken er svært kritikkverdig. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida frå klage til endeleg vedtak gjekk opp frå 17 til 19,5 månader i perioden 2014 til 2019.

Lang liggjetid

For Trygderettens vedkommande har tidsbruken dobla seg til sju månader i denne perioden.

Riksrevisor Per-Kristian Foss poengterer likevel at det ikkje er sjølve saksbehandlinga som først og fremst trekkjer ut i tid, men ventetida før klagen kjem til behandling. Det kjem inn fleire klagar enn det Nav og Trygderetten klarer å behandle, og køane veks.

– Liggjetida er ei særleg stor utfordring i Trygderetten, der ho var på gjennomsnittleg sju månader. Sjølve saksbehandlinga kan ta normalt to–tre veker, så liggjetida her er altså rundt seks og ein halv månad. Det illustrerer mykje av kritikken vår, sa Foss då han gjorde greie for funna i rapporten.

Halvparten måtte vente

Men før klagen kjem til Trygderetten, har ho vore igjennom to behandlingar i Nav-systemet. Også her er tidsbruken uakseptabel, fastslår Riksrevisjonen, som poengterer at Arbeids- og velferdsdirektoratet berre i unntakstilfelle kan bruke meir enn eit halvt år på å behandle ein klage.

– I 2019 måtte likevel om lag halvparten av dei 37.000 brukarane som fekk ferdigbehandla klagen sin i Nav Klageinstans, vente lenger enn seks månader før dei fekk svar, sa Foss.

Det var klagar i yrkesskadesaker som var mest tidkrevjande med ei gjennomsnittleg ventetid på over 30 månader i 2019.

Trygderetten tek grep

Det er sett i verk fleire tiltak for å redusere saksbehandlingstida, påpeikar Trygderetten. Mellom anna er det tilsett fleire medisinsk kyndige og attføringskyndige rettsmedlemmer.

– Trygderetten tek med seg funna frå rapporten vidare i arbeidet. Saman med eigne tiltak blir god dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet og Arbeids- og sosialdepartementet viktig for å få ned saksbehandlingstida, seier avdelingsleiar Tor Kielland i Trygderetten.

Nav seier det er positivt at departementet set i gang ein heilskapleg gjennomgang av klage- og ankesystemet.

– Nav har allereie sjølv sett i verk tiltak for å forbetre situasjonen og vil setje i verk ytterlegare tiltak. Vi meiner, som Riksrevisjonen, at det er uheldig for brukarane at saksbehandlingstidene for klagesaker er lange, seier ytingsdirektør Eve Vangsnes Bergli i Nav i ein e-post til NTB.

(©NPK)