Mette-Marit besøkte verkstad

Tysdag besøkte kronprinsesse Mette-Marit Aurora Verksted i Bærum, som har halde ope under store delar av pandemien.
innenriks

Aurora Verksted, som er eit fellesskap for menneske med og utan funksjonshemning. I lokala på Haslum i Bærum blir det produsert keramikk, tekstil, klede, papir, grafikk og måleri.

– Under pandemien har vi fått stadfesta kor viktig det er å delta i arbeidslivet, og fått forsterka trua vår på å kombinere omsyna til både menneske og miljø, seier gründer Trine Dreyer.

Ho og Bærum-ordførar Lisbeth Hammer Krog (H) var vertskap for besøket.



(©NPK)