Koronaoppfølging splittar Stortinget

Ei rekkje forslag ligg på bordet i Stortinget om oppfølging av rapporten frå koronakommisjonen. Men det er uklart om nokon av dei får fleirtal.
innenriks

Statsminister Erna Solberg (H) måtte tole hard kritikk frå opposisjonen då Stortinget tysdag debatterte orienteringa hennar om rapporten frå koronakommisjonen.

Manglane og svakheitene som koronakommisjonen har avdekt, er alvorlege, fastslo Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre i opningsinnlegget sitt.

– Dei sentrale læringspunkta som kommisjonen trekker fram, lyder som eit ekko av Gjørv-kommisjonen i 2012, sa Støre.

Manglande samordning

Gjørv-kommisjonen gjennomgjekk terrorangrepa 22. juli 2011. Kommisjonen fastslo i sin rapport at kritiske ressursar ikkje fann kvarandre då terroren ramma.

– Krisene er ulike. Men kjernen i kritikken er den same: Beredskapen og krisehandteringa lir under manglande samordning, koordinering og overordna leiing, sa Støre i debatten tysdag.

Han heldt fast på at kritikken i rapporten frå koronakommisjonen rammar leiinga i regjeringa.

– Dei svakheitene og manglane kan ikkje skyvast til side. Og dei er ikkje skjønnheitsfeil, sa Støre.

«Følgjefeil»

Statsminister Erna Solberg (H) viste i debatten til at Noreg hadde planlagt for ein influensapandemi, ikkje ein koronapandemi.

– Vi var ikkje førebudde på ein pandemi som kravde omfattande nedstenging av samfunnet. Tvert imot. Det var åtvara mot nettopp den typen tiltak, sa ho.

Statsministeren beskreiv dette som ein «følgjefeil».

– Ein viktig lærdom er at vi ikkje berre kan teikne opp dei scenarioa vi meiner er mest sannsynleg. Vi må òg planleggje for det som verkar mindre sannsynleg.

Koronakommisjonen fastslo i rapporten sin at Noreg ikkje var førebudd på koronapandemien, noko kommisjonsleiar Stener Kvinnsland kalla ein «alvorleg svikt».

Frp avviser kontrollsak

I debatten foreslo SV og Raudt begge å følgje opp kritikken av handteringa av koronapandemien i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

– Det er for å sikre at vi lærer, at vi òg meiner at dette ikkje kan vere eit punktum for Stortingets behandling, men at saka bør sendast til kontrollkomiteen for vidare diskusjon, sa SV-leiar Audun Lysbakken.

Men Framstegspartiet vil ikkje støtte dette forslaget, melder VG: Dermed ligg det ikkje an til at det får fleirtal.

– Vi står midt i pandemien. Den er ikkje over og dette er ei førebels evaluering. Vi ser ikkje kvifor vi midt i ei krise skal bruke masse tid på å behandle ein førebels rapport i Stortinget, skriv Frps Hans Andreas Limi i ein e-post til VG.

Vaksinekritikk

Framstegspartiet la på si side fram eit forslag om å ta initiativ til ei gransking av vaksinestrategien til regjeringa. Eit liknande forslag om ei uavhengig vaksinegransking vart òg lagt fram av Senterpartiet.

Det var tysdag formiddag uklart om nokon av forslaga som vart fremja av opposisjonen under debatten, vil få fleirtal i Stortinget.

Frps nestleiar Sylvi Listhaug brukte innlegget sitt til å stille spørsmål ved avgjerda til regjeringa om å kjøpe vaksinar gjennom EU.

– Noreg er ikkje medlem av EU. Det norske folket har stemt nei to gonger. Vi skal vere eit sjølvstendig land. Sjølvsagt er det fornuftig i mange samanhengar å samarbeide med EU og andre land. Men Framstegspartiet er kritisk til den nasegruse beundringa av EUs vaksineinnsats som regjeringa har lagt for dagen, sa ho.

Solberg viste for sin del til at EU-samarbeidet har gitt Noreg tilgang til vaksine frå fleire ulike produsentar. Ifølgje henne ville det ha vore risikabelt å inngå avtale direkte med berre éin leverandør.


(©NPK)