Koronakommisjonen skal granske vaksinasjonen

Framstegspartiet får støtte frå regjeringspartia til å be koronakommisjonen om å granske den norske vaksinasjonsstrategien.
innenriks

Parlamentarisk leiar i Høgre Trond Helleland stadfestar overfor NTB at regjeringspartia vil stemme for Frps forslag i Stortinget om å granske vaksinasjonen. Føresetnaden er at koronakommisjonen frå oppdraget.

Nestleiar i Frp Sylvi Listhaug seier partiet ikkje har noko problem med dette vilkåret.

– For oss speler det ikkje noka stor rolle kven som gjer jobben, seier Listhaug til NTB.

(©NPK)