Indisk virusvariant knytt til smitteutbrot i Bergen

Det er gjort funn av den indiske virusvarianten etter eit smitteutbrot ved Universitetet i Bergen (UiB).
innenriks

Vi byrja sekvenseringa måndag, så denne prøva er nok frå førre veke og vedkommande er nok i isolasjon, seier avdelingsleiar ved mikrobiologisk avdeling på Haukeland sjukehus, Elling Ulvestad, til Bergens Tidende.

Fire personar som jobbar ved den aktuelle eininga har òg testa positivt for korona. UiB opplyser at dei ramma er tilsette, og at dei ikkje har vore i undervisningssituasjonar med studentar.

Dette er det tredje funnet av den indiske varianten som er påvist i regionen. I april vart det gjort funn av to importtilfelle.

(©NPK)