Folketrygdfondet har passert 300 milliardar kroner

Statens pensjonsfond Noreg fekk eit resultat på 11,3 milliardar kroner i første kvartal 2021. No har Folketrygdfondet passert 300 milliardar kroner.
innenriks

Kapitalen i Folketrygdfondet var 303,4 milliardar kroner ved utgangen av kvartalet. Avkastinga var 3,9 prosent.

– Positive utsikter i samband med utrulling av covid-19-vaksinar, og forventningar om vidare vekst førte til oppgang i aksjemarknaden og lågare kredittpremiar i første kvartal 2021, seier Kjetil Houg, administrerande direktør i Folketrygdfondet.

Han meiner at aksjemarknaden har klart seg godt trass i ein viss renteoppgang i perioden.

(©NPK)