FHI opnar for koronavaksine til gravide

Gravide som ikkje tilhøyrer ei av risikogruppene, kan no få koronavaksine etter konsultasjon med lege.
innenriks

– Gravide har noko høgare risiko for sjukehusinnlegging dersom dei får covid-19 enn kvinner som ikkje er gravide, sjølv utan underliggjande risikotilstandar. Vi opnar derfor meir opp for at alle gravide kan vurdere vaksinasjon i samråd med lege, seier lege ved Folkehelseinstituttet (FHI), Helena Niemi Eide.

Ny studiar viser at vaksinasjon er trygt for gravide og ammande kjem det fram i ei pressemelding frå FHI.

Vaksinasjon har hittil berre vorte vurdert for gravide med underliggjande helsetilstandar som aukar risikoen for alvorleg forløp av covid-19.

(©NPK)