Else Michelet er død

Programleiaren, forfattaren og satirikaren Else Michelet er gått bort etter sjukdom i lengre tid, 79 år gammal.
innenriks

Det skriv NRK.

Michelet byrja å jobbe i statskanalen i 1967, og var mellom anna programleiar for det satiriske radioprogrammet Hallo i uken. I tillegg jobba ho i kjende radioprogram som Nitimen og Reiseradioen.

– I tillegg til å vere ei kjend og kjær stemme i NRK Radio, var ho kjend for dei feministiske bøkene sine. Ho skreiv mellom anna Sin egen herre: eventyr og annet ugress og En annen historie, skriv NRK.

(©NPK)