31 nye registrerte smitta i Bergen

Det er registrert 31 nye smittetilfelle i Bergen det siste døgnet. Det er ni fleire enn dagen før.
innenriks

Det er det høgaste talet sidan fredag 30. april, då det var 32 nye smitta.

25 av dei smitta er nærkontaktar, medan to er importsmitte. To har ukjend smitteveg, og to har usikker smitteveg, skriv Bergen kommune på nettsidene sine.

Totalt 6.171 personar har vorte smitta. 2.060 personar testa seg måndag 3. mai.

(©NPK)