Fullvaksinerte får ha nærkontakt med kvarandre og slepp smittekarantene

Regjeringa gir lette for folk som er fullvaksinerte. Dei får ha nærkontakt med andre fullvaksinerte og slepp å gå i smittekarantene.

Statsminister Erna Solberg fekk førre veke den første dosen med koronavaksine. Ho er ikkje fullvaksinert enno.   Foto: David Kringstad Grønvik/Forsvarets mediesenter / NTB / NPK

innenriks

«I private hjem kan fullvaksinerte ha nær sosial kontakt (under 1 meter) med andre fullvaksinerte. De kan også ha nær sosial kontakt med uvaksinerte som ikke er i risikogrupper. I det offentlige rom er råd og regler like for både vaksinerte og uvaksinerte», skriv regjeringa i ei pressemelding.