Lysbakken fryktar «kjøttkakekrig»

SVs partileiar Audun Lysbakken åtvarar mot å la klimakampen bli eit spørsmål om identitet.
innenriks

– Altfor ofte blir miljøkampen framstilt omtrent sånn som dette: I det eine hjørnet: vegetarianarane og syklistane. I det andre hjørnet: dei som likar kjøttkaker og bil. Vennene våre i MDG og Sp er ganske gode på å dyrke den konflikten der. La ikkje klimakampen bli ein kjøttkakekrig, eit spørsmål om identitet. Det er systemet som er problemet, sa Lysbakken i opningstalen sin til SVs landsmøte.

Ifølgje han skal ikkje SV blande seg opp i korleis folk lever.

– Vi løyser ikkje klimakrisa ved å oppføre enkeltpersonar klimaskam, sa han.

– Køyr gjerne dieselbilen til vallokalet når du skal stemme SV.

(©NPK)