Familiar med økonomiske bekymringar slit meir med å forstå koronainformasjonen

Ein ny rapport tyder på positiv samanheng mellom høg inntekt blant småbarnsfamiliar og tillit til offentleg informasjon om korona.
innenriks

Ein ny rapport Forskingsinstituttet NIBR ved Oslo Met har på laga oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), viser at det kan vere ein samanheng mellom inntekt og kor godt ein får med seg av koronainformasjonen til styresmakta.

Rapporten er basert på ei spørjeundersøking på nett blant småbarnsforeldre i bydelen Søndre Nordstrand i Oslo. I tillegg er 15 personar med innvandrarbakgrunn som jobbar i utsette yrke med tanke på smittespreiing, intervjua.

Rapporten viser ein positiv samanheng mellom høg inntekt blant småbarnsfamiliane og tillit til offentleg informasjon.

Familiar som blir prega av økonomiske bekymringar, føler seg i større grad isolerte og einsame og synest i mindre grad at informasjonen er lett å forstå.

Samtidig viser rapporten at dei frivillige organisasjonane er viktige fordi dei oppsøkjer personar og miljø som elles står utanfor informasjonsflyten.

(©NPK)