194 koronasmitta pasientar innlagt på sjukehus – fem færre enn dagen før

Fredag var 194 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er ein nedgang på fem pasientar frå dagen før.
innenriks

40 av pasientane får respiratorbehandling. Det er to færre enn dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt fredag.

156 av koronapasientane er innlagde på sjukehus i regionen Helse sør-aust, 26 er innlagde i Helse vest, ti er innlagde i Helse Midt-Noreg, og to er innlagde i Helse nord.

Sidan februar i fjor har 109.581 personar fått påvist koronasmitte her i landet, viser det førebelse talet på fredag frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

(©NPK)