Leiteaksjon etter vasskuterulykke i Salhusfjorden

Ein person er sakna etter at ein vasskuter velta i Salhusfjorden ved Knarvik fredag.
innenriks

To personar skal vere involvert, ein av dei er framleis sakna, melder Hovudredningssentralen Sør-Noreg på Twitter.

– Vi er ferd med å mobilisere alle ressursar. Alle nødetatar er på veg, og dessutan redningsskøyte og andre båtar i området, seier redningsleiar Per Hognaland ved HRS Sør-Noreg til Bergens Tidende.

Ifølgje Redningsselskapet er både redningsskøytene Kristian Gerhard Jebsen II og Bjarne Kyrkjebø sett inn i søket.

(©NPK)