KrF: Må samle oss om helsereform for rusavhengige

Det er på tide å leggje vekk diskusjonen om avkriminalisering og gå vidare i ruspolitikken, meiner KrF etter Aps rusreformvedtak.
innenriks

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad seier det ikkje er nokon løyndom at partiet heile tida har vore mot avkriminalisering av narkotika. Arbeidarpartiets avgjerd får ein varm velkomst hos han.

– Eg meiner dette er ei klok vurdering. Rusavhengige skal møtast med omsorg og hjelp, men utan å signalisere til ungdommane våre at det ikkje er så farleg å prøve narkotika, seier Ropstad.

Han meiner tida har komme for å gå vidare og samlast om forslag for å hjelpe dei tyngste brukarane.

– No må vi leggje vekk diskusjonen om avkriminalisering og heller samle oss om å halde fram opptrappinga av tilbodet til rusavhengige. Vi treng verkeleg ei helsereform som hjelper den enkelte ut av rusavhengnaden, og endå betre førebygging for ungdom, seier han.

(©NPK)