Nytt koronadødsfall ved Oslo universitetssjukehus

Ein koronapasient innlagt ved Oslo universitetssjukehus (OUS) døydde søndag. Det er det 63. koronarelaterte dødsfallet ved sjukehuset under pandemien.
innenriks

På nettsidene sine opplyser OUS at dei ikkje kan gi ytterlegare informasjon om avdøde av omsyn til personvernet.

Dette er det 63. dødsfallet ved sjukehuset relatert til pandemien. Sju av dødsfalla skjedde sist veke.

(©NPK)