Mossleth (Sp) vil la promillekøyrarar behalde førarkortet – ikkje greitt for Høgre

Viss sjåførar som blir tekne for promillekøyring monterer alkolås i bilen, bør dei få halde fram å køyre, meiner Siv Mossleth (Sp). Idioti, meiner Høgre.
innenriks

– Ja, det kan vere ei god løysing, seier Mossleth, som er medlem av Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, til Dagsavisen om løysinga med alkolås.

Ho meiner tap av førarkort slår veldig skeivt ut.

– Når eg er i Oslo, klarer eg å gå ned til Stortinget på eit kvarter, men når eg er heime i Nordland, er kvardagslivet omtrent håplaust utan bil. Det å bli fråteke førarkortet for dei som bur i distrikta, kan gå ut over moglegheita til å jobbe, og det får òg negative konsekvensar for resten av familien, seier ho.

Blir straffa like hardt

Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) er kritisk til forslaget.

– Dette er eit heilt nytt nivå av populistisk ansvarsløyse sjølv til Senterpartiet å vere. Dette er ikkje distriktspolitikk, seier Trellevik til NTB.

Ein skal straffast like hardt om ein køyrer i ruspåverka tilstand i Sund kommune som i storbyane, meiner han.

– Det er sjølvsagt kjipt og upraktisk for meg, som bur på ei øy i havgapet på Vestlandet, om eg hadde mista lappen. Og nettopp derfor er det den enklaste tingen i verda å berre la vere å ruse seg før ein køyrer bil. Straff skal ikkje vere passande. Det skal vere ein lærepenge, seier Trellevik.

– Kan eg berre ikkje forstå

Han meiner det er rart at partiet som er imot rusreforma, fordi ein ser straff som førebyggjande, no meiner at ein skal sleppe straff dersom ein har rusa seg i trafikken – og attpåtil har sett andres liv og helse i fare.

– Det kan eg berre ikkje forstå, seier Trellevik.

– Generelt er forslaget om alkolås som eit tilleggsmoment ein interessant idé som vi er opne for å diskutere, men det er idioti å meine at det skal kunne erstatte dagens straffereaksjonar. Køyrar du i ruspåverka tilstand, så får det konsekvensar. Dette er eit viktig signal å sende, slår han fast.



(©NPK)