Kommunen politimelder låvetreffet i Gran

Minst to personar er døde etter å ha delteke på eit treff i kulturlåven i Gran i mars. No har kommunen meldt arrangementet til politiet.
innenriks

Etter eit møte i kriseleiinga i kommunen måndag stadfesta kommunen at låvearrangementet 26. mars – foredraget «Biden, Trump og vegen vidare for USA» – blir politimeldt, skriv lokalavisa Oppland Arbeiderblad.

– Vi meiner det har vore riktig å melde. Politiet har ei heilt anna moglegheit enn våre smittesporarar til å setje i verk undersøkingar med litt kraftigare verkemiddel, seier kommuneoverlege Are Løken til TV 2.

Han har tidlegare omtalt situasjonen som «mareritt for smittevernstyresmaktene» fordi arrangøren tilhøyrde «ein motkultur som spreier smitte og som ikkje samarbeider».

14 smitta

Dei to døde er ein mann i 60-åra og ei kvinne i 70-åra som var busette i Gran. Begge deltok på arrangementet i kulturlåven i Gran – mannen som arrangør og kvinna som deltakar. Det vart måndag stadfesta i den førebelse obduksjonsrapporten at dødsfallet til mannen etter all sannsyn kom av covid-19. Også kvinna var smitta av koronaviruset.

Det er 14 smitta i kommunen, tre med ukjend smitteveg. Det har ikkje lykkast kommunen å bringe full klarleik i om nokon av dei kan knytast til låvetreffet. Eitt slikt uklart tilfelle er ei smitta kvinne i 50-åra som jobbar ved ein kommunal institusjon.

Det beste anslaget til kommunen er at det var sju–åtte deltakarar på arrangementet, ifølgje avisa Hadeland.

Vanskeleg jobb

Til NRK seier Gran-ordførar Randi Eek Thoresen (Ap) at dei er i ferd med å få oversikt over kor mange som var til stades på arrangementet. Smittesporarane har ein vanskeleg jobb og leitar no etter moglege nærkontaktar i Jevnaker, Oslo, Asker, Våler og Moss i tillegg til Gran.

I ei pressemelding søndag skreiv kommunen at dei har fått stadfesta at fleire nærkontaktar til personar som var til stades under arrangementet, er smitta med covid-19.

«Dette er noko vi har fått bekrefta frå fleire andre kommunar på Austlandet», skreiv kommunen.

(©NPK)