Svak nedgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs enda på 1.063,45 poeng torsdag. Det er ein nedgang på 0,3 prosent.
innenriks

Equinor vart igjen den mest omsette aksjen torsdag, og fall samtidig med 2,7 prosent. Telenor-aksjen hadde oppgang etter at dei torsdag stadfesta at dei og Axiata er i samtalar om ein fusjon i Malaysia. Telekom-aksjen går opp 2,1 prosent til 153,85 kroner.

Taparane i dag er kameralinseprodusenten Polight (-6,1 prosent), e-helseselskapet Carasent (-4,7 prosent) og videokonferanseselskapet Pexip Holding (-4,6 prosent). Også Kahoot held fram nedgangen frå onsdag (-4,5 prosent).

Torsdag ettermiddag var prisen på nordsjøolje 62,70 dollar, ein oppgang på 30 cent frå børsslutt onsdag.

På Europa-børsane var det derimot ein liten oppgang. DAX 30 i Frankfurt enda opp 0,1 prosent, CAC 40 i Paris gjekk opp 0,6 prosent, medan FTSE 100 i London gjekk òg opp 0,8 prosent.

(©NPK)