Snørydding på Gardermoen skal gå føre seg med førarlause bilar

Oslo lufthamn skal brøytast med førarlause snøryddingsmaskiner. Avinor har bestilt sjølvgåande brøytebilar for 400 millionar kroner.
innenriks

Avinor inngår ein åtte års rammeavtale med snøryddingsprodusenten Øveraasen på Gjøvik om levering av dei sjølvgåande brøytebilane, skriv Dagens Næringsliv.

– Dette betyr veldig mykje for oss. Koronapandemien har nesten ført til eit samanbrot i internasjonal flytrafikk. 80 prosent av kundane våre er flyplassrelaterte som har tråkka på nødbremsen, seier administrerande direktør Thor Arve Øveraasen i ein kommentar til 400-millionarskontrakten.

Etter planen skal førarlause køyretøy setjast i drift på Oslo lufthamn vinteren 2021/2022. Teknologibedrifta Yeti Move i Kongsberg er underleverandør av dei tekniske løysingane.

– Vi ønskjer å vere i førarsetet når det gjeld nytenking og innovasjon. Vi er blant dei første i verda til å setje i drift eit slikt konsept og vil med det kunne halde oppe målet om å vere leiande på vinterdrift, seier konsernsjef Abraham Foss i Avinor.

(©NPK)