Rekordmange koronapasientar lagt inn på Ahus

70 pasientar var innlagde med koronaviruset på Ahus torsdag, melder Romerikes Blad.
innenriks

– Det har aldri vore så mange innlagde med covid-19 gjennom pandemien, seier avdelingssjef på infeksjonsmedisin avdeling, Jan Erik Berdal til avisa.

61 av pasientane ligg på avdelinga på Lørenskog, medan ni ligg på Kongsvinger sjukehus. 18 av pasientane ligg på intensivavdelinga og det er ni personar som får respiratorbehandling.

(©NPK)