Nederlandsk lasteskip ved kai i Ålesund

Ved 17.30-tida torsdag ettermiddag la det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika til kai i Ålesund etter det hadde vorte slept i tryggleik onsdag kveld.
innenriks

Etter at Kystverket sette i verk statleg aksjon onsdag kveld klarte bergingsmannskap å få festa slepet til det nederlandske lasteskipet. Deretter vart det nederlandske skipet slept inn mot Flatholmen i Ålesund der det ved 17.30-tida torsdag ettermiddag omsider kunne leggje til kai, viser trafikkdata frå BarentsWatch.

Eemslift Hendrika sende måndag formiddag ut naudmelding etter at det fekk slagside då lasta forskauv seg, rundt 60 nautiske mil vest av Ålesund i eit kraftig uvêr.


Måndag vart heile mannskapen på tolv personar evakuerte med redningshelikopter frå skipet. I dagane som følgde, dreiv skipet i kraftig sjø, før bergingsmannskapa fekk kontroll på det.

(©NPK)