Kvalrossbesøk i Hammerfest vekkjer oppsikt

Den siste tida har ein kvalross halde til utanfor Hammerfest. Eit slikt besøk på fastlandet er svært sjeldan, og kvalrossen har raskt vorte reinaste kjendisen.
innenriks

Kvalrossen vart observert i Repparfjorden før påske og har sidan då halde seg i området, noko som har ført til at mange skodelystne har teke ein nærare titt, melder NRK.

Men folk blir bedne vere forsiktige og halde god avstand til den nye lokale kjendisen.

Kvalrossen er kjend for å vere det kanskje farlegaste arktiske dyret ein kan treffe på i vatn. Dei held helst til på isflak i stille område, nær kysten i arktiske strøk. Hannar kan vege godt over 1.200 kilo, og hoene kan vege meir enn 850 kilo.

– På land er dei meir klumsete. Det er ikkje slik at han kjem springande etter deg, men folk bør halde avstand og vise respekt for dyret, seier biolog Audun Rikardsen ved Universitetet i Tromsø.

Synet av ein kvalross på så nært hald er eit fantastisk syn, men om dyret byrjar å røre på seg eller gi lyd, så bør ein trekkje unna.

(©NPK)