Ingen funn av MRSA hos svin i 2020

I 2020 vart det ikkje gjort nokon funn av svin som vart smitta av den antibiotikaresistente bakterien MRSA.
innenriks

Meticillinresistente stafylokokkar (MRSA) er resistente antibiotika. Dette kan føre til infeksjonar hos menneske, men også dyr.

– Funna frå fjoråret viser at vi framleis klarer å halde MRSA hos svin under kontroll. No har vi gjennom fleire år dokumentert at vi klarer å halde førekomsten på eit svært lågt nivå, og det er jo veldig bra, seier seniorforskar og prosjektansvarleg Anne Margrete Urdahl ved Veterinærinstituttet.

Overvakingsprogrammet MRSA hos svin, som Veterinærinstituttet utfører på vegner av Mattilsynet, undersøkte i 2020 prøver frå totalt 641 besetningar. Av desse var det mellom anna 81 avlsbesetningar. 18 av dei aller største smågrisproduserande eller kombinerte besetningane vart òg testa.

MRSA hos gris er meldepliktig som B-sjukdom. Noko som vil seie at sjukdommen blir sett på som alvorleg, og systematisk nedkjemping er påkravd for å få kontroll.

(©NPK)