Fleire vil ta politiutdanning – Oslo mest populært

Oslo er framleis den mest populære studiestaden blant dei som søkjer seg til Politihøgskolen.
innenriks

Til saman har 4.284 personar – 23,9 prosent fleire enn i fjor – søkt på 400 studieplassar ved Politihøgskolen. Politihøgskolen ønskjer søkjarar frå heile landet for å sikre brei rekruttering.

– Alle fylke er godt representerte også i årets opptak. Når vi samanliknar søkjartala med fjoråret, ser vi at alle fylke opplever ein søkjarauke. Dette er gledeleg, seier fungerande seksjonsleiar Thale Kvaal Dunker ved Studieavdelingen.

Blant søkjarane som har Bachelor – politiutdanning som sitt øvst prioriterte studieønske, er det studiestad Oslo som framleis er mest populært. Resten fordeler seg jamt mellom Stavern og Bodø.

Alle studiestadene har auka interesse. Aller mest har den auka i Bodø, med 271 fleire søkjarar enn i fjor.

(©NPK)