FHI: Tre prosent av befolkninga kan ha vore koronasmitta i 2020

Rundt tre prosent av befolkninga i Noreg kan ha antistoff mot koronaviruset, ifølgje ny rapport frå Folkehelseinstituttet.
innenriks

Rapporten er basert på innsamla blodprøver frå januar 2021. Der har forskarar har analysert totalt 1912 blodprøver for undersøkingar av antistoffa mot SARS-CoV-2, samla inn frå 17 laboratorium i alle delar av landet og frå individ i alle aldrar.

Antistoffa vart funne i om lag tre prosent av dei analyserte prøvene, melder FHI onsdag.

Seniorforskar Olav Hungnes ved FHI seier at resultata frå studien antydar at talet som har vore smitta kan vere ein god del høgare enn det ein finn gjennom ordinær testing. Han understrekar samtidig at det er fleire usikkerheitsmoment ved ein slik enkeltstudie.

Det vart tidlegare gjort ein liknande studie av Universitetet i Tromsø som vart offentleggjort i mars, der 28.000 nordmenn hadde delteke. Den viste at færre har hatt covid-19 enn ein trudde. Der kom forskarane fram til at det var lite mørketal.

(©NPK)