Bistandsorganisasjonar ber Stortinget om ekstra koronabidrag

Seks av dei største bistandsorganisasjonane i Noreg går saman og ber Stortinget om å gi eit ekstraordinært bidrag på 1,3 milliardar kroner i nødhjelp.
innenriks

– Menneske i konflikt- og kriseramma område, som allereie var blant dei mest sårbare i verda, har vorte særleg hardt ramma av dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien, heiter det i brevet frå organisasjonane.

Flyktninghjelpen, Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp, Redd barna, Røde Kors og Caritas står samla bak brevet.

Det norske bidraget til nødhjelp er i år på 6,3 milliardar kroner. Det er ein auke frå tidlegare år, men likevel ikkje nok til å spegle auken i behov, meiner organisasjonane.

Dei påpeikar at medan ein har sett gigantiske økonomiske krisepakkar i dei rike delane av verda, manglar støtta til dei mest sårbare.

– Forslaget vårt svarer berre til rundt éin prosent av det regjeringa brukte på koronatiltak her heime i fjor. Det vil redde mange liv og samtidig sende eit viktig signal til andre givarland, seier generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen.

(©NPK)