933 nye koronasmitta siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 933 nye koronasmitta i Noreg. Det er 33 fleire enn dagen før og 61 fleire enn same dag førre veke.
innenriks

Ved midnatt natt til torsdag var det registrert 101.082 koronasmitta personar her i landet sidan februar i fjor, viser førebelse tal.

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 5.002 nye smittetilfelle i Noreg. 4,7 millionar koronatestar er til no utførte her i landet.

Snittet den siste veka har vore 706 nye smittetilfelle. Måndag vart det registrert 573 nye smittetilfelle og tysdag vart det registrert 900. Trenden i registrert smitte er ifølgje VG fallande, men 27 kommunar har ein stigande smittetrend.

I alt 722.648 personar har fått første dose av koronavaksinen, og 287.412 personar har fått andre dose. Onsdag var 307 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var elleve fleire enn dagen før.

Til saman er 683 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

62,5 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 15 dødsfall i Noreg.

(©NPK)