Færre utanlandske arbeidarar kan gi færre norske agurkar

Mangel på utanlandske arbeidarar kan gi langt færre norske agurkar i butikkhyllene i år.

Grønsakbønder fryktar færre norske agurkar på grunn av strenge innreisereglar.   Foto: Vegard Grøtt / NTB / NPK

innenriks

Grønsakbonde Per Osmund Espedal seier til NRK at han fryktar han må kutte produksjonen med 30 prosent. Han produserer 5 millionar agurkar og 2,2 millionar salathovud i året.