Rekordmange skip og riggar i opplag under pandemien

Rederiforbundet melder at talet på skip og riggar i opplag har vore høgare under koronapandemien enn under krisa bransjen opplevde for fem år sidan
innenriks

Det er i Konjunkturrapport for 2021 at konsekvensane for skipsfarten under koronapandemien er beskriven. Ved årsskiftet låg 204 skip og riggar i opplag som følgje av tiltaka som skulle bremse viruset, fleire enn under offshorekrisa i 2016 og 2017.

– For ei gjennomglobalisert næring som skipsfarten har det skapt store utfordringar når verda bokstaveleg talt stengjer ned, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund.


Ei undersøking blant medlemmene i forbundet viser at det er særleg innanfor oljeservice, rigg og for passasjerferjer omsetninga har falle mest. Passasjertrafikken åleine fall med 46 prosent i fjor.

Innanfor transport av last har mykje av verksemda gått som normalt og omsetninga har auka med 8 prosent, men det har vore store utfordringar knytt til å byte ut mannskap på skipa.

For inneverande år reknar reiarlaga likevel ei betydeleg endring og nær ei halvering av talet på skip i opplag gjennom året.

(©NPK)