Sjødin ønskjer å utvide forsvararteamet til Viggo Kristiansen med Meling og Gulstad

Advokat Arvid Sjødin ber om at Brynjar Meling og Bjørn André Gulstad blir med som forsvararar for Viggo Kristiansen.
innenriks

Det kjem fram i eit brev Sjødin har sendt til Borgarting lagmannsrett.

I brevet skriv Sjødin at saka er så omfattande at han meiner det er nødvendig med fleire forsvararar.

– Dokumenta i straffesaka er på over 10.000 sider, i tillegg kjem dokument som ikkje er ein del av dokumenta i straffesaka. Bevistemaa i saka er vidt omfattande, skriv Sjødin.

– Det er eit omfattande arbeid frå forsvararsida, i tillegg er mange av dokumenta og hendingsgangen og vitna frå 20 år tilbake i tida, noko som stiller krav til tolkingar, skriv Sjødin.

Kjenner kvarandre godt

No ber han om at Brynjar Meling og Bjørn André Gulstad blir med som forsvararar for Viggo Kristiansen i ein eventuell ny runde i retten i Baneheia-saka. Dei tre kjenner kvarandre godt frå før.

– Vi er kjende, arbeider i same kontorfellesskapet, arbeider for det meste med straffesaker og har gjort det i ei årrekkje. Vi er vande med å arbeide saman, kjenner fordeling av arbeid og er vande med å arbeide sjølvstendig med dei arbeidsoppgåvene vi har fått tildelt. I denne saka er dette så omfattande at det er nødvendig med fleire forsvararar, skriv Sjødin.

Dømd til 21 års forvaring

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker godkjende nyleg søknaden hans om å få straffesaka frå 2001 teken opp til ny vurdering.

Tysdag vart det kjent at Borgarting lagmannsrett overtek for Agder lagmannsrett når gjenopningssaka for Baneheia-dømte Kristiansen skal vurderast på nytt.

Kristiansen vart dømd til 21 års forvaring etter at Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10) vart valdtekne og drepne i Baneheia i Kristiansand 19. mai 2000.

Jan Helge Andersen vart dømd til 19 års fengsel. Han har sona ferdig.

(©NPK)