Ny måling: Framgang for Frp, men ingen stor Listhaug-effekt

Framstegspartiet går fram 1,4 prosentpoeng på den siste partimålinga til NRK og Aftenposten, men har framleis under 10 prosents oppslutning.
innenriks

Det er knappe to veker sidan Siv Jensen varsla at ho går av som leiar for Framstegspartiet og peika på nestleiar Sylvi Listhaug som arvtakar. Men den store Listhaug-effekten lèt vente på seg.

På den siste målinga til NRK og Aftenposten får Frp ei oppslutning på 9,7 prosent, ein oppgang på 1,4 prosentpoeng.

Det største hoppet på målinga gjer Høgre. Partiet til statsminister Erna Solberg får ei oppslutning på 24,6 prosent, ein oppgang på 1,8 prosentpoeng.

I målinga er Senterpartiet større enn Arbeidarpartiet, 22,2 mot 21 prosent. Begge går fram 0,3 prosentpoeng.

For resten av partia ser målinga slik ut:

Raudt 2,8 prosent (-1,1 prosentpoeng), SV 7,4 (-0,9), MDG 3,9 (-0,9), Krf 3,9 (+0,4), V 2,8 (+0,4) og andre 1,6 (-1,7).

Målinga gir Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne 100 mandat på Stortinget, skriv Aftenposten.

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre ville fått 69 mandat. Det trengst 85 mandat for å ha fleirtal.

Tysdag fekk Framstegspartiet 7,2 prosents oppslutning på partimålinga til Kantar for TV 2. Det er den lågaste oppslutninga partiet har fått på TV 2-målingane sidan 1995.

(©NPK)