Kvar tiande koronasmitta opplever at minnet sviktar

Rundt 10 prosent av dei som har vore smitta av koronaviruset i Noreg, opplever at hugsen har vorte dårlegare, viser ein ny studie.
innenriks

Det kjem fram i Koronastudien frå Oslo universitetssjukehus (OUS), skriv NRK. Både friske og smitta har svart, og så langt har det komme inn svar frå 150.000 deltakarar.

Noko av det som overraskar mest, er dei mange som rapporterer om problem med hukommelsen.

– Vi såg då at om lag 10 prosent av dei som hadde vore gjennom sjukdommen, rapporterte om problem med minnet, seier Arne Søraas, som leiar studien.

Men koronasmitta fortel òg om andre problem. 31 prosent har svart at dei opplever utmatting, 18 prosent at lukt og smak er endra, medan 14 prosent får tung pust.

I tillegg opplever 13 prosent konsentrasjonsvanskar, medan 42 prosent svarer at helsetilstanden er dårlegare.

Sidan studien ikkje er fagfellevurdert enno, er det for tidleg å slå fast om minnet faktisk har vorte dårlegare.

Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) er det meldt om 71.000 smittetilfelle i Noreg.

(©NPK)