Eigaren av Det norske kartselskapet nektar straffskuld for millionbedrageri

Påtalemakta meiner at ei kvinne lurte verksemder til å betale minst 62 millionar kroner for nesten verdilause produkt. Kvinna nektar straffskuld.
innenriks

Tysdag står eigaren av Det norske kartselskapet tiltalt for grovt bedrageri når rettssaka mot henne startar i Oslo tingrett.

Politiet meiner at kvinna mellom 1. januar 2015 og 26. juni 2020 lurte tilsette i ei rekkje verksemder i Noreg til å inngå avtalar om kjøp av digitale kartprodukt, internettbaserte katalog- og søketenester, og dessutan GPS-produkt.

Kundane vart ifølgje tiltalen lurt til å betale minst 62 millionar kroner til selskapet. Ho har ifølgje VG heile tida nekta straffskuld for grovt bedrageri.

– Tilnærma verdilause produkt

Ifølgje tiltalen vart kundane til selskapet lurt «til å inngå avtale om kjøp av tilnærma verdilause produkt ved at telefonseljarane til selskapet lèt vere å opplyse om sentrale og konkrete sider ved produkta og ved at dei gav villeiande og/eller uriktige opplysningar om produkta.».

Påtalemakta meiner òg at mange av kundane vart lurt til å tru at «det allereie eksisterte eit kundeforhold mellom dei og selskapet, noko som bidrog til at ei rekke kundar inngjekk avtale om kjøp av selskapets produkt på sviktande grunnlag.».

Kartselskapet skal òg ha sendt ut fakturer til verksemder, sjølv om det ikkje fanst nokon avtale om kjøp av produkta til selskapet.

Kvinna slo selskapet konkurs i fjor sommar.

– Ikkje bedrageriverksemd

– Ho nektar straffskuld for bedrageri. Ho meiner at det ikkje har vore noka bedrageriverksemd – verken grovt eller simpelt, seier forsvararen til kvinna, advokat Øystein Storrvik, til NTB.

Den tiltalte kvinna vart sikta i saka våren 2019.

– Det er eit veldig omfang på tiltalen, og den omfattar mange tusen enkeltsal. Den bevismessige situasjonen er ganske ulik frå sal til sal, seier forsvararen.

I tillegg til bedrageriet, er ho tiltalt for oppbevaring av rundt 1.000 tablettar med dopingmiddel.

– Ho erkjenner straffskuld for oppbevaringa. Dette var noko som var i leilegheita hennar i samband med ei ransaking. Tablettane var ikkje hennar, men ho tek ansvar for dei. Dette har likevel ikkje noko med hovudsaka å gjere, seier Storrvik.

Det er sett av 34 dagar til rettssaka.

(©NPK)