Sju familiar frå Moria-leiren kjem til Noreg onsdag

Sju familiar med til saman 33 personar kjem frå Moria-leiren i Hellas til Noreg førstkommande onsdag, melder VG.
innenriks

Eit smitteutbrot gjorde at innkomsten til dei 50 flyktningane Noreg har lova å hente frå Moria-leiren på Lesvos, vart utsett.

No kjem altså 33 flyktningar som blir sette i karantene i Råde kommune, skriv avisa. Det er ikkje bestemt kva kommunar som skal ta imot dei første familiane.

Resten av dei 50 flyktningane kjem etter kvart. Dei er forseinka av sjukdom.

Lover fortgang

Ifølgje barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vil det bli sett fortgang i prosessen hos UDI. Prosessen med å få opphaldsløyve kan ta så lite som 21 dagar.

– Først å fremst vil eg seie at eg er glad for at dei endeleg kjem til Noreg. Det har vore viktig for meg, for KrF og for regjeringa at vi skal bidra internasjonalt i ein situasjon som har vore veldig krevjande for Hellas, seier Ropstad til VG.

Ti familiar

I september vedtok regjeringa å hente 50 asylsøkjarar frå Hellas, såkalla relokalisering. Avgjerda frå regjeringa vart gjord kjend kort tid etter at Moria-leiren brann. Alle 50 skal få behandla asylsøknadene sine i Noreg.

Regjeringa har stilt krav om at dei som får komme, skal vere sårbare syriske familiar med barn som mest sannsynleg kvalifiserer for opphaldsløyve.

Politiets utlendingseining (PU) har tidlegare opplyst til NRK at det er snakk om i alt ti familiar.