Nybø: Forhandlingar med Storbritannia inn i siste fase

Noreg og Storbritannia går inn i sluttfasen av forhandlingane om ein frihandelsavtale. Gjennom året skal avtalen tre i kraft, ifølgje næringsministeren.
innenriks

Statsråd Iselin Nybø møtte torsdag kollegaen sin Ranil Jayawardena i det britiske handelsdepartementet og stadfestar at forhandlingane i kjølvatnet av brexit nærmar seg slutten.

– Målet er at ein omfattande frihandelsavtale vil tre i kraft i 2021 og sikre næringslivet like, eller betre, konkurransevilkår som konkurrentane sine. Dette vil bidra til framleis eksport og auka verdiskaping for bedriftene våre, seier ho i ei pressemelding.

Forhandlingane har gått føre seg sidan i fjor sommar. Storbritannia er Noregs viktigaste handelspartnar etter EU/EØS.

I 2020 eksporterte vi varer til britane for nesten 135 milliardar kroner og tenester for nærare 40 milliardar kroner. Handelen med britane utgjorde i fjor 17 prosent av norsk vareeksport. For olje og gass stod handel med britane for 29 prosent av eksportinntektene.

(©NPK)