Kraftig fall på Oslo Børs siste handelsdag i februar

Hovudindeksen på Oslo Børs fall med 1,96 prosent til 1.007 poeng fredag. Fallande oljepris bidreg til det kraftige fallet.
innenriks

Eit fat nordsjøolje kosta ved børsslutt i underkant av 65 dollar fatet, ein nedgang på vel 3 prosent. Dette bidrog igjen til ein dårleg dag for Equinor-aksjen, som fall 4,28 prosent.

Nedgangen blir òg knytt til stigande obligasjonsrenter og frykt for inflasjon.

(©NPK)