Eitt år sidan første smittetilfelle i Oslo – 2,8 prosent registrerte smitta

Eitt år etter at det første smittetilfellet vart registrert i Oslo, har 2,8 prosent av innbyggjarane i byen vore registrerte smitta.
innenriks

Det samla talet smittetilfelle som er registrerte i hovudstaden, er 19.617, ifølgje tal frå Oslo kommune. I heile landet er det registrert 70.040 koronasmitta.

Til saman har det vorte utført 370.294 koronatestar i Oslo, ein tidel av det som er gjort i heile landet (3,7 millionar).

Vel 86.700 nærkontaktar er registrerte i hovudstaden.

Vaksinasjonen er i full gang i Oslo, og så langt er det sett 44.332 dosar. Heile landet sett under eitt er det sett over 430.000 dosar.

(©NPK)