Ifølgje meldinga frå det amerikanske forsvaret skjedde oppdraget ved Barentshavet, skriv Fosna-folket.
– Det er passande at vi starta denne utplasseringa med eit oppdrag som viser fram evnene våre til å integrere med våre norske allierte over fleire forsvarsgreiner, seier general Jeff Harrigian.
– Denne typen samhandlingsoperasjonar er spesielt kritiske i Arktis, der ingen nasjon har infrastrukturen eller kapasitetane til å operere åleine, seier han.
Flya av typen B-1B Lancer, landet i Noreg måndag. Dei blir verande ein månads tid.
(©NPK)