I tillegg blir han fråteken retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd og retten til å kunne ha verv som styreleiar, styremedlem eller dagleg leiar i selskap i fem år.
I rettssaka, som gjekk i Bergen tingrett frå 25. januar til 9. februar, sa eigedomsinvestoren seg skuldig etter tiltalen.
Det var Bergens Tidende/E24 som først omtalte dommen, som vart kunngjord onsdag.
Over fleire år brukte mannen falske signaturar, falske leigeavtalar og falske kontraktar for å få utbetalt lån på nær 122 millionar kroner frå bankar og private långivarar.
– Kvar av desse enkelthandlingane representerer avgjerder frå tiltalte om å gjennomføre ei straffbar handling. Tiltalte har ved dette gjennom eit langt tidsrom vist eit fast forbrytersk forsett, heiter det i dommen.
(©NPK)