Vaksinerte eldre får ha litt meir fysisk kontakt

I starten av februar opna regjeringa for at sjukeheimsbebuarar kunne klemme kvarandre og få besøkjande. No får andre eldre som er vaksinerte, følgje etter.
innenriks

Det kunngjorde helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse onsdag, etter tilråding frå Helsedirektoratet.

Vurderinga er at tilrådingane om fysisk kontakt for heimebuande eldre skal bli noko lettare – viss dei er vaksinerte. I tillegg får heimebuande eldre ha fysisk kontakt med eit avgrensa tal uvaksinerte personar.

I tillegg opnar Helsedirektoratet no for at slike eldre kan leve mindre tilbaketrekt enn før.

(©NPK)