Auka tal på koronalovbrot i Innlandet

Så langt i år er det registrert 44 koronalovbrot i Innlandet politidistrikt. Dei fleste tilfella gjeld ulovlege grensepasseringar.
innenriks

Politiet omtaler auken som markant. Til samanlikning var det til saman 45 saker som omhandla koronalovbrot i heile 2020, opplyser Innlandet politidistrikt i ei pressemelding.

I samarbeid med Heimevernet og Tolletaten gjennomfører politiet omfattande patruljering i grenseområda mellom Noreg og Sverige.

35 av dei 44 meldingane gjeld ulovlege grensepasseringar, medan dei resterande i hovudsak gjeld karantenebrot. Både nordmenn og utlendingar har vorte stansa ved grensa.

I Innlandet er det berre tre grenseovergangar som er lovlege å bruke, nemleg ved Østby, Riksåsen og Magnormoen. Dei sperra grenseovergangane er godt merka og skilta.

Dei ulovlege grensepasseringane vart mellom anna grunngitte med at dei ikkje var kjende i området og at GPS-ein viste vegen, at dei ikkje hadde tilstrekkeleg kunnskap om at grensa var stengd eller at dei rett og slett tok sjansen.

(©NPK)