Terrortiltalt kvinne lauslaten frå varetekt

Kvinna (30) som er tiltalt for årelang deltaking i ekstremistgruppa IS, er sett fri frå varetekt. Terrorsaka kjem for retten måndag.
innenriks

– Lengda på strafferamma tilseier at vilkåra ikkje lenger er til stades for å halde henne i varetekt, seier seniorrådgivar Annett Aamodt i Politiets tryggingsteneste (PST) til Aftenposten.

Forholdet kvinna er tiltalt for, har ei strafferamme på seks års fengsel. Aamodt opplyser at spørsmålet er drøfta med statsadvokaten og stadfestar at kvinna vart lauslaten tysdag.

Den 30 år gamle norsk-pakistanske kvinna har sete varetektsfengselet sidan norske styresmakter for rundt eit år sidan henta henne ut frå al-Hol-leiren i Syria. Ho vart arrestert av PST då ho i fjor vinter landa på Gardermoen saman med den då fem år gamle sonen og den tre år gamle veslesøstera hans.

Ho er tiltalt for å ha delteke i ekstremistgruppa IS frå 2013 til 2019 ved å ha tilrettelagt gjennom å passe hus og barn for at ektemennene hennar kunne delta i stridshandlingar.

Nektar straffskuld

Saka kjem for opp for Oslo tingrett måndag. Det er sett av fire veker til behandlinga av saka.

Kvinna nektar straffskuld og hevdar at ho som kvinne i realiteten ikkje hadde moglegheit til å trasse ektemennene, bryte med IS og komme seg ut av Syria. Gjennom åra ho var i landet, var ho gift med tre framandkrigarar og fekk barn med to av dei.

Påtalemakta nektar ikkje for at kvinna aldri gjorde seg skuldig i stridshandlingar eller sjølv aktivt bidrog til IS' krigføring i Syria. Men det faktumet at ho stelte heime, tok vare på barna og heldt hushaldet i gang, bidrog til at ektemennene kunne gå ut i felten og krige for ekstremistgruppa, meiner dei.

– Retten må avgjere om handlingane tiltalen tillegg kvinna er straffbare som deltaking i terrororganisasjon i samsvar med straffelova. Retten må òg ta stilling til om tiltalte var tvinga til å opptre som ho gjorde, og om ho derfor må frifinnast, seier forsvararen til kvinna, advokat Nils Christian Nordhus.

Frp-opprør i regjering

Då regjeringa fatta avgjerda om å hente kvinna og barna heim, var det først og fremst på grunn av den visstnok alvorlege helsetilstanden til det eldste barnet. Det skapte kraftige politiske bruduljar og førte til slutt til at Framstegspartiet trekte seg ut av regjeringssamarbeidet.

I tida etter har det vorte stilt spørsmål ved kor sjuk guten eigentleg var, eit spørsmål som ikkje har vorte svart på, verken av regjeringa eller forsvararen til kvinna. Han har vist til at helseopplysningar – òg når det gjeld sonen til ei terrorsikta kvinne – er underlagt strenge teiepliktreglar.

Seinast då tiltaleavgjerda vart offentleggjord i starten av februar gjekk avtroppande Frp-leiar Siv Jensen ut i VG med krav om at retten måtte kaste lys over helsetilstanden til guten.