Sp går mest fram på Rogaland-måling

I Rogaland har Senterpartiet gått mest fram sidan førre stortingsval, viser ei meiningsmåling. Ap og Frp går tilbake, medan Høgre framleis er klart størst.
innenriks

Senterpartiet får 13 prosent oppslutning i målinga, noko som er 5,5 prosentpoeng meir enn fylkesresultatet i 2017-valet, skriv Haugesunds Avis.

Frp søkk frå 19,7 til 12,3 prosent, medan Ap har ein nedgang frå 22,4 til 19,2. Også Venstre går noko ned til 2,7 prosent.

Høgre er framleis klart størst i Rogaland og aukar frå 28,8 til 29,7 prosent. KrF har ein svak auke til 8,6 prosent. SV aukar til 5 prosent, Raudt til 3,3 og MDG til 3,2. Andre parti får 3 prosent oppslutning.

Var målinga valresultatet, ville Høgre hatt fire representantar på rogalandsbenken. Ap hadde hatt tre, medan Sp og Frp hadde hatt to kvar. KrF og SV ville hatt éin representant kvar.

I tillegg har SV utjamningsmandatet, men det avheng av resultata elles i landet.

(©NPK)