Raja om omgrepsendring i kompensasjonsordninga for kultur: – Ei misforståing

Kulturminister Abid Raja (V) seier at ei omgrepsendring i kompensasjonsordninga som kunne gått utover underleverandørar i kultursektoren, var ei misforståing.
innenriks

– Eg er glad for at vi har retta opp misforståinga, slik at underleverandørane ikkje kjem dårlegare ut av ordninga enn det som var intensjonen, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.

Underleverandørar er til dømes sceneteknikarar, lyd- og lysarbeidarar og vakter.

Det gjeld kompensasjon i perioden oktober til desember. I forskrifta vart omgrepet «netto tapte inntekter» brukt, i motsetning til tidlegare periodar då omgrepet berre var «tapte inntekter». Endringane i kriteria ville i realiteten gjort at det vart svært lite igjen til underleverandørane, sa dagleg leiar Marius Widerøe i leverandørfirmaet Konsertsystemer til Klassekampen førre veke.

Omgrepsendringa var likevel ikkje meint som ei realitetsendring, ifølgje Raja, og departementet har orientert Kulturrådet om dette. Kulturrådet vil leggje dette til grunn i saksbehandlinga.

Netto tapte inntekter skal i samsvar med forskrifta bereknast slik, opplyser departementet: «Differansen mellom underleverandørens faktiske inntekter fra kulturarrangementet det søkes kompensasjon for, og gjennomsnittet av underleverandørens faktiske inntekter for tilsvarende eller sammenlignbare kulturarrangement avholdt i 2017–2019».

(©NPK)